Home

VELKOMMEN TIL REISEMED.NO

BØKER

Kjøp den her

Kjøp denne her

My Company, 8901 Marmora Road,

Glasgow, D04 89GR

INFORMASJON

Kven er me ?

Kari Tveiten, f. 17.12.39.

Har arbeidd med flyktningar i flyktningrådet i Bergen, siste 17 åra leiar av mottakssentralen for flyktningar ved Innvandrarkontoret i Bergen.

I -93,  5 mnd. flyktningarbeid i Guatemala for FN

.

Andreas Raknes, f. 16.07.39.

Har mellom anna arbeidd med databehandling, personaladministrasjon, med organisasjons-  leiarutvikling og strategi, i Norsk Kollektiv Pensjonskasse og Vital.

Me har 3 born og 7 barneborn.


Her er intervju med oss på NRK

Trykk på "Lykke på reisa"

 
 
 
 

Send oss ei melding her:

Her er intervju i Bygdanytt

Boka ” Reis med.no”, og den tidlegare boka ”Lykke på reisa”, er litt av historia om korleis me, Kari Tveiten og Andreas Raknes,  realiserte våre reisedraumar.

I oktober 1983 tok me seks månaders permisjon frå jobbane våre og reiste som ryggsekkturistar i USA, Chile, Argentina, Bolivia og Peru, i hovudsak med buss og tog.

Me vart fascinerte av denne reisemåten som gjev god kontakt med land og folk. I åra som kom, reiste me til Mexico, Guatemala, Cuba, Brasil og attende til Argentina, Bolivia, Peru og Chile, og til slutt austover til Borneo.

Me vart pensjonistar som 62-åringar, og frå slutten av 2001 vart det nye turar til Sør-Amerika, turar som boka ” Lykke på reisa ” fortel om. Denne boka” reismed.no” fortel om turar med Den transsibirske, til Kina og Vietnam, langs Silkevegen gjennom Usbekistan, Turkmenistan, Iran, og Tyrkia. Diverse turar  til Indonesia, og korleis me prøver ut lokalturisme på Sumatra, Sulawesi, Kalimantan, i Laos og Kambodsja.


Bøkene – reisebreva, har vorte til på diverse internettkafear under ulike tilhøve på reisene, og er nok prega av det. Bøkene inneheld litt om historie og politisk situasjon i landa me er i, men for det meste er det kva me opplever der og då. Møte med folk, naturopplevingar, historiske stader, planlegging, reising og anna som er kvardagen til ein ryggsekkreisande.

Me håpar bøkene vil inspirere andre til å dra ut i verda slik me har gjort.

De kan i tillegg ta del i opplevingane våre gjennom videoar og foto som ligg tilgjengeleg på nettet. Det er berre å klikke seg inn.

Kvaliteten og innhald i brev og videoar kan vere litt varierande, då det spenner over ein periode på over 10 år.

Kontakt oss gjerne på mail her:

eller kommentarar på facebooksidene lykkepareisa og reismed


Kari og Andreas

Tel: 123-456-7890

E-mail: mail@demolink.org